(denne har ikkje vore oppdatert på ei stund – det er sannsynlegvis meir å henta frå https://github.com/apertium/apertium-nno og https://github.com/apertium/apertium-nob , dix-filene der kategoriserer ord etter paradigme som inkluderer fuge-informasjon) ----- Ta kontakt med http://github.com/unhammer om du vil bidra :-) Fugekodar: S – fuge-s: informasjon + teknologi → informasjonsteknologi E – fuge-e: mus + felle → muse-felle N – nullbinding: telefon + svarar → telefonsvarar K – vekk med siste bokstav: bilete + ramme → biletramme F – «fuging forbudt», eller berre lov med bindestrek (eks.: «abc») Merk at fleire kodar samtidig er lov (eks. er både muspeikar og musepeikar OK). La ord du er usikker på stå tomme. Fyll ut rett fuge-binding sjølv om det er lite trulig ordet nokon gong vil dukka opp i samansetjingar. Merk òg at s i fuge kan forekomma i lange ord sjølv om det ikkje gjer det i tilsvarande korte ord. Eksempel: vinglas men raudvinsglas. Heldigvis ligg dei vanligaste samansette orda i ordbanken, slik at me kan markera «vin» som N og «raudvin» som S (og leva med at nye lange ord som har «vin» inni seg ikkje vert rett attkjende). Merk: e-fuge har ofte det motsette tilhøvet til samansetjing, ordet «ulv» har E medan «bergulv» har N